Snødekke
• Litt tørr løssnø (1-10cm) • Fortsatt grett piggskoføre på stien opptil snaufjellet, derfrå greit å ta seg fram på høgdedrag. Fylt seg grett i med snø i SØ over 800-900moh. Ikkje bærande snø til beins opp dit eg var 1000moh. Siste snøfall har gitt eit flott slør med eit 3cm tjukt lag med 1-1,5mm overflatekant og opptil 6mm rim over tynt lag med skare. Nedover fleire kantkorn og skarelag. Om dette snør igjen uforstyrra vil det nok bli lett å påverke det svake lager og mykje drønn, men skredstørrelsen vil vel vere begrensa på grunn av snømengde. Strl.1 og småe 2 kanskje. Kan vel og tenkast at vi får drønn i svake lag lenger nedi snødekket og ein tilnærma lik situasjon som på starten av fjorårets sesong, men er litt meir snø no enn då. Det var vel i all hovudsak store bratte flankar med liten terrengruleik som vart problemet då?